Platebutikken Tiger

Independent record store based in Oslo.
Ships internationally

— Hours —
11 - 18 (17)

Hammersborggata 18, 0181 Oslo
tiger@tigernet.no // +47 47 45 00 89

Display prices in:

Register account

Cart ( 0 NOK )

Your cart is empty

Som Spor

NOR CD Sep 19th 2014
Vinyl
199 NOK
Buy

– Musikken hans minner om opne, sterke landskap, om revna fjell framom ein mørk horisont og om skummande hav i stormen. Tonen hans er som skuggar i ein seinsommarkveld med pulserande lys frå ei låg sol". Dette skreiv den tyske avisa Süddeutsche Zeitung i ein konsertomtale av Karl Seglem nyleg. Tenorsaksofonisten vart samanlikna med genuine storleikar som Brian Eno og John Coltrane og konsertane hans skildra som lange musikalske reiser i heimlandet Norge - og i jazzhistoria.

Det er ei storhending når Seglem no gjev ut eit nytt album - tingingsverket til Vossa Jazz 2012- Som spor. Han seier sjølv at verket er eit førebels høgdepunkt i hans karriere og meinar utgjevinga toppar den kritikarroste "Ossicles" (2010). Verket er spelt inn live på Nasjonal Jazzscene i Oslo og viser til fulle både musikaren og komponisten sitt framståande arbeid som nyskapande tradisjonsberar i musikalske skjæringspunkt mellom jazz- og folkemusikk. Det er få - om nokre andre som har utvikla eit så genuint eigenarta tonespråk - med lyden av hardingfeler i botn. Som spor fekk prisen Årets verk av NOPA i 2012.

Lanseringsturneen går til heile 7 konsertarenaer på vestlandet. I Florø, Øvre Årdal og Balestrand skal ensemblet samarbeida med lokale korps. Florø hornmusikk, Årdalstangen musikklag og Balestrand musikklag har øvd inn utvalde Seglem-komposisjonar i arrangement av Idar Torskangerpoll. Desse blir framført i ei eiga avdeling som ein forsmak på verket Som spor. Med seg på turneen har Seglem eit handplukka ensemble med fleire av dei fremste musikarane på jazz- og folkemusikk-scena i Norge: Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo, tangentar, Sigurd Hole, bass, Kåre Opheim, trommer og perkusjon. Konsertproduksjonen blir forsterka av lysdesigner Anette Christiane Lind og lydmann Trond Øyre. Turneen er eit samarbeid og med økonomisk støtte frå FolkJazzScena til Førdefestivalen.

Voss 21.9, Florø 23.9, Førde 24.9, Sandane 25.9, Bergen 26.9, Øvre Årdal 27.9, Balestrand 28.9

"Verdensjazz som bestilt" skreiv Dagbladet etter urframføringa på Voss og trilla 5 på terningen. "En høyeksplosiv miks av folkemusikk og jazz, i det siste omtalt som «world jazz» - som Seglem utviklet gjennom albumene «Femstein», «Urbs» og «Ossicles»