Platebutikken Tiger

Independent record store based in Oslo.
Ships internationally

— Opening Hours —
12 - 17

Hammersborggata 18, 0181 Oslo
tiger@tigernet.no // +47 47 45 00 89

Display prices in:

Cart ( 0 NOK )

Your cart is empty

Vannstand

Motvind Records Apr 09th 2021
Vinyl
219 NOK
Buy


Motvind Records feirar 3 år som plateselskap og album nummer 10 med å gjeva ut eit av våre store førebilete, den utøvande komponisten og lydkunstnaren Maja S. K. Ratkje. Herved presenterar vi LP'en Vannstand!

Vannstand er ein hyllest til dei langsamt pulserande tidvatnsskifta langs Norskekysten. I dette verket har ungdomar fått mogelegheit til å reflektere rundt og svare musikalsk om forholdet sitt til kysten, vatnet og havet.

Ratkje har komponert eit multidimensjonalt stykkje som balanserar spenning, klarheit, skjønnheit og det leikne. Ein kan tenkje seg at eit verk som omhandlar slike enorme konsept som tidvatn (som vert styra av tyngdekrafta åt månen) og endringar i havnivået (påverka av vêrsystem og klimaendringar) burde bli ei heller høg og streng affære. Kanskje er ei slik antyding basert på den imponerande katalogen ho har som støymusikar. Vannstand er uansett fylt med subtile og presise fragment av store drama og vare melodiar. Gjennom åtte satsar veks musikken med tett samspel og raske skift. Lydmiksen, basert på 8-kanalars lydinstallasjonar, er utsøkt, openbart gjort av komponisten sjølv.

Ein komande klassikar!